Velkommen til vakre Sjernarøyene og

Sjernarøytunet!

Maten er opplevelsen

Kokk Joakim Moberg Wiborg – Bygdakokken – kjem frå bygda, og lagar mat med den same haldninga: ærleg, nært og med respekt for råvarene.

Med erfaring frå kjøkken som Arne Brimi på Lom, Bølgen & Moi i Stavanger og Strand Restaurant i Oslo, har Joakim med seg både solid handverk og blikk for gode smakar. I dag driv han Sjernarøytunet, der han skaper matopplevingar med utgangspunkt i det beste bygda, øyane og Ryfylke har å by på.

Hos Bygdakokken handlar det ikkje berre om å servere mat. Det handlar om å skape ei oppleving rundt bordet – med mest mogleg ureiste råvarer, lokale smakar og mat som passar både anledninga og gjestene.

Sjernarøytunet - til ditt neste arrangement

Berre 10 minutt frå ferjeleiet på Helgøy finn du Sjernarøytunet – ein lun og innbydande stad for gode samlingar på Sjernarøy.

Med trivelege lokale, vakre omgjevnader og matopplevinga i sentrum, er Sjernarøytunet eit naturleg val for deg som skal samle familie, vener eller kollegaer til ein viktig dag. Her kan du arrangere alt frå jubileum og konfirmasjon til bryllaup og andre selskap – med Bygdakokken Joakim på kjøkkenet og lokale smakar på bordet.

Sjernarøytunet passar for deg som ønskjer ei feiring med personleg preg, god mat og ei ramme som kjennest både ekte og høgtideleg.

Aktivitetskalender

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.